Hopp til innhold

Tangmoen kunstgressbane

Skrevet av: Tangmoen idrettslag | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Tangmoen kunstgressbane

Første dag

30.09.2006

Antall dager

1

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

250

Antall solgte totalt

100

Ettersom dette var første gongen vårt idrettslag skulle selge frukt var vi spente på resultatet. Erfaringar frå tilsvarande arrangement indikerte likevel at tiltaket er populært både blant små og store, men at det er litt vêravhengig kor godt salet går. Tipsa frå MER-kampanjen, både om kor mykje frukt vi trong kjøpe inn og kor mykje det skulle vere i kvart beger kom derfor godt med. Vi tok mål av oss om å selje omlag 100 beger à 180-200 gram frukt og kjøpte inn 20 kg frukt (ca 400 kroner) av åtte (!) ulike slag; eple, appelsin, banan, pære, kiwi, melon og druer. Dessutan hadde vi litt plommer frå eigen hage. Frukta vart vaska og gjort klar kvelden i forvegen. Under arrangementet, som tok omlag 2 timar var det to personar som stod for oppkutting og fordeling av frukta i beger. Frukta vart seld for 15 kr begret saman med andre kioskvarer, med godt synleg reklame! Vi fekk fleire spørsmål om MER-kampanjen - det var tydeleg at det ikkje er så mange i vårt område som kjente til kampanjen - men som no ville melde inn sin klubb!! Vi hadde eit strålande haustver under arrangementet som foregjekk utandørs. Dei siste epla vart fordelt i arrangørstaben då vi utpå dagen hadde rydda opp og kunne telle opp eit fint overskudd for heile arrangmentet. Overskottet av fruktsalet åleine var godt og vel 1000 kroner. Vi kjenner oss etter dette sikre på at frukt vil stå på menyen også under seinare idrettsarrangement på Tangmoen kunstgressbane!