Hopp til innhold

Kirkebø Stadion

Skrevet av: Stordal idrettslag, fotballgruppa ( Stordalscup) | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Kirkebø Stadion

Første dag

29.06.2007

Antall dager

3

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

2000

Antall solgte totalt

907

Stordalscup 2007 vart ein storslått folkefest. Meir enn 6000 menneske var innom på dagtid laurdag og søndag. Heile 90 lag deltok på Stordalscup, og over 850 unge fotballspelarar boltra seg på den nye kunstgrasbana på Kirkebø stadion. Stordalscup eit kjempeløft for eit lite idrottslag i ei kommune som har i underkant av 1000 innbyggarar. Heile 250 namn var på funksjonærlista. I samarbeid med God Helse i kommunen vart det for fyrste gong organisert fruktsal under årets Stordalscup. Dette har ikkje blitt prøvd før her hos oss. Fruktsalet vart ein stor suksess. Vi selde heile 907 beger, og kunne nok selt endå meir dersom vi hadde hatt større bemanning på laurdag. Vi fekk gode tilbakemeldingar både frå barn og vaksne. Fruktboda var plassert ved fotballbana. Der var frukt og vatn lett tilgjengeleg for fotballspelarar og publikum, men ikkje så lett tilgjengeleg for dei mange som var i området rundt Stordalshallen. Planen var at vi frå fruktboda skulle sørgje for fruktbeger til kafeen i Stordalshallen, men dette hadde vi ikkje kapasitet til på laurdag. Søndag selde vi ein heil del frukt i kafeen også. Barn i heimelaga fruktkostyme framførde fruktsongar til heimelaga akkompagnement både ved fruktboda og på scena i Stordalshallen. Dette var eit artig innslag som fekk stor merksemd. I startpakken fekk vi det vi trengde for å gjennomføre fruktsalet på ein god måte. Bileta av barna i fruktkostyme er tatt av Arild Hove. Det er John Kristian Hjelle som har tatt biletet av stadion Les meir om Stordalscup og sjå fleire flotte bilete frå arrangementet ved å følgje desse linkane : http://www.stordal.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=656&Itemid=1 http://www.stordalshallen.no/Artikkel.aspx?AId=751&back=1&MId1=271