Hopp til innhold

Kirkebø Stadion

Skrevet av: Stordal idrettslag, fotballgruppa ( Stordalscup) | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Kirkebø Stadion

Første dag

28.06.2008

Antall dager

2

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

2000

Antall solgte totalt

887

I samarbeid med God Helse i Stordal kommune vart det også i år organisert fruktsal under Stordalscup. Fruktboda var plassert ved fotballbana, og den var synleg og lett tilgjengeleg også for dei som oppheldt seg på området ved Stordalshallen. Utanfor fruktboda var det bord og stolar. I god gjenbruksånd vart fruktboda dekorert med fruktkostyma som vi brukte under fjorårets Stordalscup, og dette var fine blikkfang. I tillegg laga vi eit banner med teksta : Lyst på noko godt? Vi har frukt i beger. På banneret brukte vi bilete av unge fotballspelarar frå Stordal. Vi selde beger med eple, appelsin, banan, ananas, vannmelon og druer/moreller. Talet på solgte beger var om lag det same som under fjorårets Stordalscup. Også i år fekk vi mange positive tilbakemeldingar frå publikum.