Hopp til innhold

Byrkjelo stadion

Skrevet av: Breimsbygda IL, Friidrettsgruppa | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Byrkjelo stadion

Første dag

25.08.2006

Antall dager

3

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

700

Antall solgte totalt

631

Det vart arrangert UM på Byrkjelo 25-27 aug. 2006. Dette stevnet vart arrangert i samabeid med idrettslaga i Gloppen, Gloppen FIL, Breimsbygda IL, Hyen IL, IL Brodd, Fjellug Vereide og Sandane Turn og IL. Det var totalt 700 deltakarar over desse 3 dagane, og med eit bra støtteapparat reknar vi med ca 2000 besøkande. Det var litt spennande korleis det skulle gå med fruktsalget, då vi ikkje har prøvt dette på friidretts arrangement før. I starten gjekk det litt trått, men vi var heldige å ha med initiativsrike personar som tok ansvar og gjekk ut på tribuna og selde der. Vi var nok litt uheldig med plasseringa av standen, så det må vi gjere bedre neste gang. Vi må bli meir synlege. Utanom frukt skåler som bestod av eple, banan, gulrot, drue og moreller var vi heldige å få tak i nyplukka plommer. Plommene var nok det som vart mest populært då dette var heilt i starten av plommesesongen. Etter kvart vart det også laga litt større korger med frukt, samt at vi selde frukta enkeltvis til dei som ynskte det. Vi hadde eit salg på kr 10 500,- og sat igjen med ein forteneste på ca 4 000 kr. Vi seier oss fornøgd med dette.