Hopp til innhold

Balestrand

Skrevet av: Balestrand IL | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Balestrand

Første dag

28.05.2006

Antall dager

1

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

500

Antall solgte totalt

335

Miniputturneringa hadde ca 230 ungar i alderen 7-10 år. I tilegg reknar vi med minst like mange andre av vaksne, søsken og likande, totalt ca 500 personar. Turneringa varte i ca 4 timar. Vi kjøpte inn 60 kg frukt (8 sortar). Vi valde å lage til frukten på skulekjøkkenet som låg vegg i vegg med salsteltet. Dette ga gode hygieniske forhold. Eplebitane la vi i skåler med sitronvatn og la dei i bretta når vi solgte dei. Salet gjekk jamnt og trutt, og etter 2 og ein halv time måtte vi hente meir frukt! Vi hadde nok litt ekstra i bretta - og fekk svært gode tilbakemeldingar både frå store og små. Vi tok 10 kroner brettet og fekk inn 3.350. Frukta kosta ca kr 2.000 så overskotet vart 1.350. Dette var OK. Turneringa fekk ein fin profil og vi har allereie planlagt å vidareutvikle dette!