Hopp til innhold

Skei

Skrevet av: Jølster IL fotballgruppa | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Skei

Første dag

23.06.2006

Antall dager

3

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

100

Antall solgte totalt

70

Jølster IL, fotballgruppa, arrangerte TINE fotballskule som gjekk over 3 dagar rett etter skuleslutt. Det var 74 barn påmelde og med funksjonærar og foreldre rekna vi med eit godt fruktsal. Det var første gongen med fruktsal på våre arrangement. I kiosken var det kun sunne produkt å få kjøpt. Vi hadde nok forvente spørsmål etter godterier i kiosken, men dei var det få av. Mange av barna "kasta" seg over dei innbydande fruktkorgene. Vi hadde ein del frukt til overs, så det blei nokmikkje overskot denne gongen. Men, frukta kom til nytte likevel. Nokre brannmenn som nett hadde slokka ein brann ein annan stad i kommunen, vart "påskjøna" med ei fruktkorg kvar på debriefingmøtet dei hadde. Det sette dei stor pris på. Fruktsal er noko klubben ønskjer å fortsette med. Vi ønskjer å kjøpe inn eige telt for fruktsalet og lage ein innbydande "stand". Håpar å få tilsendt ein plakat der det står "MEIR frukt".