Hopp til innhold

Ylvisaker stadion ved Norane skule i Sogndal kommune

Skrevet av: Norane Idrettslag | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Ylvisaker stadion ved Norane skule i Sogndal kommune

Første dag

28.05.2006

Antall dager

1

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

750

Antall solgte totalt

180

Det var god respons på salet av frukt. Mykje større enn vi hadde forventa så derfor fekk vi for lite frukt. Utstyret vi fekk tilsendt frå "MER" var kjempeflott. Vi hadde to damer som hadde ansvar for å dele opp frukta etter kvart som vi selde. Dei var tøffe i grøne forkle og dei meinte jobben var artig. Vår "speaker" informerte om at vi selde fruktkorger til kr. 10,-. Vi hadde handla inn eple, druer, pære, banan, ananas, fersken, vannmelon og jordbær. Vi sette ut ekstra avfallsorger rundt fotballbana for å unngå at det vart boss overalt. Det var 240 spelarar som deltok. Dersom alle hadde med foreldre så var det ca 750 stk på Ylvisåker denne dagen. 180 beger vart solgt. Vi handla frukt for kr. 1200 og selde ut alt før kl. 13.00. Responsen frå kundane var god. På slutten hadde vi berre igjen vassmelon og eple, så etter oppfordring frå dei mange som ville ha frukt, så selde vi ut dette også. (Vi skal legga ut bilde etter kvart!)