Hopp til innhold

Hafslo treningssenter

Skrevet av: Hafslo idrettslag | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Hafslo treningssenter

Første dag

30.06.2006

Antall dager

3

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

3000

Antall solgte totalt

1500

Sognefjord Lerum Cup er ein fotballturnering arrangert av Sogndal fotball. Turneringa vert halden i Hafslo og går over 3 dagar. I år var det 265 lag med, mange frå nabofylka våre. Det var føste gong me var med på MER-prosjektet. Bestilte 300 kg frukt som vart levert frå BAMA. I tillegg fekk me årets første jordbær frå Ornes. I begera våre hadde me 2 jordbær, grønt og raudt eple, vannmelon, banan, ca 200 g frukt i kvar. Veret var strålande under turneringa, 20-25 grader kvar dag. Salet av frukt var svært populært. Kundane gav gode tilbakemeldingar på tilbodet. Me hadde fruktkundar frå kl 8 om morgonen. Nokre kom med heile lag som tok fruktbeger i staden for frukost. Frukta vart eksponert på salsdisken med plastfolie over. Prisen vår var kr 10 pr beger. Frukta kosta oss ca kr 5000. Med 1500 selde beger fekk me då eit overskot på ca kr 10 000. Sidan salet vårt var fordelt over 3 dagar, heldt det med 1-2 personar som konstant delte opp frukt. Då me samanlikna med kiosksal frå andre år, var det sjokoladesalet som hadde stupt. I fjor selde me 2000 sjokoladar, i år kun 800. Sjokolade har og dårlegare inntening, så fortenesta var større ved sal av frukt. For oss var dette ei positiv erfaring. Me klarte å treffa med innkjøpet og fekk eit nytt populært produkt i kiosken. Det er tydeleg at kundane er vorte meir bevisste på sunne val, for salet av vatn tredobla seg og på denne turneringa. Så dette blir eit fast tilbod frå oss på turneringane.