Hopp til innhold

Klenkarberget Stadion, Haugen

Skrevet av: Kjølsdalen Idrettslag | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Klenkarberget Stadion, Haugen

Første dag

18.06.2006

Antall dager

1

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

400

Antall solgte totalt

400

Vi hadde før turneringa, kontakt med Eid IL for å høyre om deira erfaringar med fruktsalet under første turnering i år. Vi fekk en god del tips frå dei og det takkar vi for. Vi gjekk difor til oppgåva med stort pågangsmot. Vi handla inn rundt 150 kg frukt og grønt (eple, bananer, appelsiner, minigulrøter, druer og vannmelonar) og vi hadde bra med folk i frukt-teltet vårt. Dei møtte opp tidleg og laga til beger med frukt, samt at vi hadde sal av heil frukt tilgjengeleg. I tillegg til telt, hadde vi mobilt fruktsal som gjekk ut på at vi hadde folk som gjekk rundt på bana under kampane og selde beger. Vi fekk selt 400 beger og sat igjen med 1 kasse bananer, 1 kasse epler og litt over 1 kasse appelsiner. Det som vart til overs av frukt, hadde vi ordna med returavtale på. I teltet hadde vi til ei kvar tid 3-4 personar som selde fruktbeger og laga til nye etter. Dei synes at dette var eit kjempebra tiltak. Responsen frå deltakarar og publikum var og flott. "Dette ser både fristande og godt ut" var gjennomgangstonen. Alt i alt, gav dette meirsmak og med god respons frå publikum er det ingen tvil om at vi kjem til å gjere dette fleire gongar. Tips til andre: Ta kontakt med nokon som har gjort dette før, hvis det er noko de lurer på. Vi er i allefall tilgjengelege for å hjelpe andre med å kome i gang med fruktsal.