Hopp til innhold

Hafslo stadion, Hafslo treningssenter (Moane) Treng 2000 beger

Skrevet av: Hafslo idrettslag | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Sted

Hafslo stadion, Hafslo treningssenter (Moane) Treng 2000 beger

Første dag

29.06.2007

Antall dager

3

Antall potensielle kjøpere pr. dag (snitt)

2500

Antall solgte totalt

1500

Hadde fint ver, 18-25 grader i 3 dagar. I begera hadde me ananas, eple, melon, banan, druer + nyplukka jordbær frå Ornes. Sette prisen til kr 15 i år, selde like mange beger som til kr 10 i fjor. Hadde ikkje eiga salsbu til frukta, men selde den frå kiosken. Hadde fruktbeger til utstilling på disken i tillegg til plakatar på kioskveggen. 1-3 personar var opptekne med fruktkutting frå kl 7.30 - 20.00 kvar dag. Fruktbegera vart pakka i plastfolie, dei fleste kundane foretrakk det. Det gjekk med ca 300 kg frukt. Kvart beger inneheldt ca 200 g.. Frukta kosta oss kr 5 500. Overskotet vart kr 17 000. Dei varene me selde mindre av enn før, var sjokolade. Sjokoladesalet vart redusert med 1500 einingar, altså det same talet som fruktsalet. På sjokoladesal er det svært lite forteneste. Dermed er sal av frukt ein suksess både økonomisk og ernæringsmessig. Sjølv om det krev meir arbeid vil me gjerne halda fram med sal av frukt. Flott at de puffar idrettslaga i gang med dette !