Hopp til innhold

Valldal skulekantine

Skrevet av: Valldal skulekantine | Sist oppdatert 14.10.2015 | Publisert 14.10.2015

Vil starte med å takke for inspirasjonspakken! Dei fine fruktplakatane er hengt opp godt synleg i kantina. Forklea kom også godt med. Elevane er i større grad enn før med i kantinearbeide og får vere med å dele opp og dandere frukta. Dette synest dei er kjekt, og ein kan heilt klart merke at det er fleire som et frukt no enn tidlegare. Ser det også som svært lærerikt for elevane at dei får delta. Møtefrukt har det ikkje vorte så mykje av enno, men kjem heilt klart til å blir brukt.